Rosendal Kammermusikkfestival

Rosendal Kammermusikkfestival vart grunnlagt i 2016 av pianist og kunstnarisk leiar Leif Ove Andsnes. Kvar sommar inviterer han musikarar og foredragshaldarar til ei musikalsk langhelg i Rosendal.

Baroniet Rosendal ligg vakkert til mellom fjell, foassr og fjord, og skapar perfekte omgivelsar for ein intens kammermusikkopplevelse som trekk publikum frå alle verdsdelar.

  • prev-nav.svg
  • next-nav.svg
/

Om Rosendal Kammermusikkfestival

Med inntil ti konsertar i løpet av fire dagar utforskar kvar festival eit eige tema, ein komponist eller ein periode. Føredrag og samtalar gir i tillegg innsikt i periodens musikk- og kunstliv.

«Ideen om ein intimfestival som strekker seg over ei langhelg vaks fram som følge av min kjærleik til Baroniet Rosendal», seier Leif Ove Andsnes, som har vore fast gjest på Baroniet og opptrådt der i 30 år.

I dag inviterer Leif Ove Andsnes musikervenner frå heile verda, som alle tar turen innover fjorden til Rosendal for å opptre saman.