Praktisk informasjon

Overnatting i og nær Rosendal

Pakkar med overnatting
Inkludert Festivalbilletter
Vi har prøvd å gjera det lettast mogeleg for deg å planleggja ei fin festivaloppleving. Vi har difor bestilt alle ledige rom på Rosendal Fjordhotel og Rosendal Turisthotell denne helga, og laga pakkar som inkluderer overnatting på desse hotella.

Festivalpakkane inneheld:

Festivalpakke med overnatting:
-Billettar til alle arrangement under festivalen
-Overnatting på Rosendal Fjordhotell eller Rosendal Turisthotell.
Frokost og middag på hotellet.

Festivalpakke utan overnatting:
– Billettar til alle arrangement under festivalen.

Døgnpakke torsdag-fredag, med og utan overnatting:
– Billettar til alle arrangement torsdag 20.00 – fredag 16.00

Døgnpakke fredag-lørdag, med og utan overnatting
– Billettar til alle arrangement fredag 20.15 – lørdag 14.30

Døgnpakke lørdag-søndag, med og utan overnatting:
– Billettar til alle arrangement lørdag 17.15 – søndag 16.00

Døgnpakkar med overnatting inkluderer og frokost og middag på hotellet.

Sjå programmet for detaljar om konsertane.

ALLE PAKKAR BLIR LAGT UT FOR SALG HER ONSDAG 16 FEBRUAR KL. 18:00.

Reisa til Rosendal

Båt (ikon)

Bergen – Flesland – Os – Rosendal
2 timar frå Bergen, 1,5 timar frå Bergen Lufthavn Flesland.
Den raskaste og mest behagelege måten å reisa til Rosendal på er med Hardangerfjordekspressen mellom Bergen/Flesland/Os og Rosendal. Shuttlebuss kjører frå Flesland ca 10 min. før rutetida for båten på Flesland. Båten stoppar også på Flesland på vegen tilbake til Bergen, alltid med tilbod om busstransport frå kaien til flyplassen.

2022:

Avgangar Bergen: 08.50 og 16.30 mandag-fredag. 11.00 og 18.45 lørdag-søndag.

Avgangar Flesland (buss til Flesland kai): 09.05 og 16.45 mandag-fredag. 11.15 og 19.00 lørdag-søndag.

Avgangar Os: 09.50 og 17.30 mandag-fredag. 12.00 og 19.45 lørdag-søndag.

Avgangar Rosendal-Os/Flesland/Bergen: 06.50 og 14.25 mandag-fredag. 09.00 og 16.35 lørdag-søndag.

Billettar: www.rodne.no

Buss

Buss frå Bergen til Rosendal
Kvar dag
Behagelig og grei transport mellom Bergen og Rosendal. Bussen stoppar på Nesttun, bybane vidare til Flesland.

Tips til retur søndag: Buss Rosendal – Bergen søndag kl. 18.50, ankomst Bergen 21.50.

Bil (ikon)

Bergen – Rosendal (120 km / 2 t 25 min)
+ ferje Gjermundshamn – Årsnes

Oslo-Rosendal (408 km / 6 t 29 min)
ingen ferjer

Haugesund – Rosendal (114 km / 2 t 41 min)
+ ferje Skjersholmane – Ranavik

Stavanger – Rosendal (171 km / 4 t 7 min)
+ ferje Mortavika – Arsvågen og ferje Skjersholmane – Ranavik

Kristiansand – Rosendal (379 km / 5 t 57 min)
ingen ferjer