Gamlakjøkenet og Borgstovo er tenarfløyen på Slottet frå 1665. Grupper kan få servert kaffi og kaker med tente lys på langbord og fyr på grua i Gamlakjøkenet. Her kjem også barnehagebarn frå Rosendalsområdet på julefest nett som i gamledagar. Sjå film frå Gamlakjøkenet med steinovnen frå 1600-talet
Hagecaféen byr på deilig lunsj med friske råvarer frå kjøken- og urtehagen, samt utvalde lokale produsentar frå Rosendalsområdet. På grunn av retningslinjer frå myndighetene har Rosendal Havecafé kun lettere servering i sommar, og er open kvar helg i mai og juni, og kvar dag i perioden 23. juni - medio august. Ein kan sitja innandørs i Hagecaféen, under glastak i drivhuset med utsikt mot Slottet frå 1665 med Malmangernuten i bakgrunnen, eller ute i sola når vêret er fint. Friske råvarer fra kjøkken- og urtehagen vert hausta dagleg gjennom heile sesongen, og pregar menyane i Rosendal Drivhus.
Den gamle Havestuen på slottet inneheld i dag ein liten café med servering av kaffe, Baronessens Rosethee og heimebakte kaker. Her har vi òg eit lite utval av souvenirar, blant anna kunstkatalogar, plakatar, og ein te komponert spesielt for Baroniet Rosendal: Baronessens Rosethee. 3-retters Slottsmiddag i samband med kulturarrangement, velg konsertbillett inkl. middag og overnatting når du kjøper billettar.
Vi kan tilby servering av treretters gourmetmåltid i Storakjøkenet på Rosendal Avlsgård for grupper, med levande lys og fyr på grua. Dersom du overnattar på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus vil vi, så sant vi kan, tilby 3-retters middag i Storakjøkenet på Avlsgården. Enkelte dagar når det er kulturarrangement på Slottet kan vi i staden tilby servering av middag i Rosendal Drivhus eller Havestuen.
Grupper kan få oppleva “Slottsaften” på 1600- tals slottet. Dette er ein flott stad å feira bryllup eller andre festmiddagar i ein herskapeleg atmosfære. Apéritif i Vinkjellaren, stemningsomvising med levande ljos, konsert i Den Røde Sal (kan bestillast i tillegg dersom ein ynskjer), trerettars middag i Den Blaa Sal (max. 39 pers.), stemningsfull avslutning med ein kaffikopp ved 1600- talsgrua i Gamlakjøkenet. Ta kontakt på info@baroniet.no for meir informasjon og bestilling.
Thank you for visiting Rosendal. If you have suggestions for how we may improve, please do not hesitate to let us know by sending us an email! info@baroniet.no